(+47) 93044506

Rongahuset

Rongahuset Bnb & Café

Bestill nå
Rongahuset

Rongahuset Bnb & Café

https://l.icdbcdn.com/oh/3759dde1-b7ec-46c2-98ba-da8c9b0a3cf4.jpg?w=2080-0
https://l.icdbcdn.com/oh/1420d283-4206-4067-a8e2-c06538d8f832.jpg?w=2080-1
https://l.icdbcdn.com/oh/e8d3c529-b6c1-4b25-b33d-e28b4e03b097.png?w=2080-2
https://l.icdbcdn.com/oh/8c53ed6c-82c8-42ab-8056-9b8d0ebb69d4.jpg?w=2080-3
https://l.icdbcdn.com/oh/3fa20aa9-fdbd-49ba-a0ce-8f2222879e3c.jpg?w=2080-4
https://l.icdbcdn.com/oh/a7423593-22ed-473b-bac6-3f506de473b2.jpg?w=2080-5
https://l.icdbcdn.com/oh/a1628df4-c285-4f13-b1b1-167d2e47c282.jpg?w=2080-6
https://l.icdbcdn.com/oh/a7d91827-163c-43f2-b694-bfb10e1eafd4.jpg?w=2080-7
https://l.icdbcdn.com/oh/5ad6f161-074c-4d09-b1bf-4f1cce590e15.png?w=2080-8

Koselege gjesterom og ein artig kafe, i ein triveleg heim i hjartet av Vestlandet

Bestill nå

BU HJÅ EIN TRIVELEG FAMILIE NÆR VOSS. UTFORSK FJORD OG FJELL, KONSERTAR OG FESTIVALAR. PRØV SPANANDE AKTIVITETAR INNE OG UTE.

Som gjest hjå oss bur du i eit rustikt hus med ei lang historie. Vi leiger ut rom i overetasjen, og gjestane våre bur her saman med oss. Vi legg til rette for at du som gjest kan omgås familien så mykje eller så lite som du ynskjer. Familien inkluderar også ein spretten og supervenleg ung hund - han har eit bur på plassen sin der han slappar av, og han får ikkje lov til å herja. 

Gjestane våre har tilgang til felles kjøkken, stover og terrasse i hovudetasjen, og ein kan nytta familien sine musikkrom og stover når det fell naturleg. Vi har tre gjesterom:

Det grøne rommet: Eit stille rom med dobbeltseng som raskt kan gjerast om til to enkle senger. Rommet har privat bad, men ikkje utsikt.

Kinarommet: Eit lite rom med dobbeltseng (140 cm). Felles bad på gangen.

Traveller-rommet: Eit familierom med ei dobbeltseng som raskt kan gjerast om til to enkle senger, pluss køyesenger. Felles bad på gangen.

Alle reservasjonar inkluderer frukost, oppredd seng og handkle, medan middag kjem utanom. Det er mogeleg å bruke kjøkkenet dersom ein vil laga eigen mat. Det er godt trådlaust internett i heile huset. Vi ynskjer ikkje festing og uro hjå oss.

Uansett kva for rom de bur på, er de velkomne til å:

  • nytta musikkrom, kjøkken og stover,
  • låne ei bok,
  • spele piano, eller
  • prøve brett- eller kortspel.

Har de med born, har vi leiker og lego. Om ynskjeleg finn vi fram ei grindseng og sikrer trappa. 

Eit av borna i huset saman med vener, på musikkrommet.

Huset vårt er gammalt og sjarmerande; det knirker og ber preg av historie og mange år med levd liv. Vi er veldig glade i det, men det er ikkje luksuriøst, og det er under stadig utbetring.

Når du bur hjå oss møter du ein aktiv britisk-norsk familie. Det bur fleire born i huset, i alderen 13-21 år. Her kan vera mykje aktivitet, og borna kan lage lyd, sjølv om dei er flinke til å ta omsyn. Dei har bad og soverom i ein eigen del av huset, og får lov til å styra sjølve kor mykje dei omgåast gjestane våre. 

I familien er vi alle tospråklege, og snakkar norsk og engelsk. Eg snakkar dessutan fransk og noko arabisk. 

Gjesteromma ligg i tredje etasje, opp bratte, gammaldagse trappar.

Evanger

Evanger er ei vakker, lita bygd som ligg berre éin time med bil / tog frå Bergen og 20 minutter fra Voss! Evanger sentrum ligg der elva Vosso renn ut i Evangervatnet, omgjeve av fjell og flott natur.

Det er ei lita badevik berre to minutt frå huset, og vi har kajakkar som det er mogeleg å låna når vêret tilseier at det er trygt. Frå Evanger er det kort veg med tog eller bil til skisentra på Voss, og til mange andre aktivitetar både innandørs og utandørs. 

Evanger sett frå vatnet.

Har du spørsmål kan du ringja, sende ein epost, eller klikka på den gule snakkebobla nede til høgre - vi svarar deg så fort vi kan! 

@rongahuset på Instagram:

Abonner på nyhetsbrevet vårt

©2025 Rongahuset Innehar alle rettigheter - Drevet avLodgify