Vi har to gjesterom som delar eit felles bad på gangen, og eitt rom med privat bad. I etasjen under er det kjøkken, musikkrom og stover, med TV (Chromecast) dersom ein ynskjer det, som er felles for familen og alle gjestromma.
Det grøne rommet: Eit stille rom med dobbeltseng (kan raskt gjerast om til to enkle senger) og privat bad, men utan utsikt. Stol som kan gjerast om til seng, men helst berre til eit barn.
Kinarommet: Eit lite rom med 140 cm dobbeltseng. Felles bad på gangen.
Traveller-rom: Eit familierom med ei dobbeltseng som kan gjerast om til to enkle senger, pluss køyesenger. Felles bad på gangen.
Alle romma har gode senger, eit klesskap og/eller hyller, og eit skrivebord, og ligg i tredje etasje utan heis. Vi har ei grindseng som kan lånast til baby, og ei ekstra foldeseng for barn.