Vi ynskjer gjestar velkomen til "Rongahuset", heimen vår i den vesle bygda Evanger, ei lita perle som ligg ved E16 mellom Voss og Bergen. Hjå oss kan ein velgje mellom tre gjesterom: to rom som delar eitt felles gjestebad på gangen, og eitt rom med privat bad. Alle gjestar kan bruke kjøkkenet vårt, stover og andre fellesrom.
Huset vårt er ikkje luksuriøst, men ein stor, komfortabel og rustikk familieheim. Når du overnatter hjå oss møter du ein aktiv britisk-norsk familie. Dei yngste borna frå 13 år og oppover bur her, og eg har vaksne born som besøker oss frå tid til anna, så det er ofte liv og røre. Vi har òg ein kanin og ein ung, aktiv hund.
Borna er aktive og har mange interesser, og eg oppdrar dei til å vera sjølvstendige og å oppføre seg som folk, men dei kan frå tid til anna oppføre seg som born! Dei får lov til å styre sjølv kor mykje dei vil omgåast gjestane våre, og dei har sine rom og bad i ein annan del av huset enn gjesteromma. Borna synest ofte det er kjekt når vi har born som gjestar. Dei er tospråklege og snakker både engelsk og norsk.
Vi liker å ha gjestar, og de kan omgåast oss - eller ikkje - som de vil. Ynskjer de å trekkja dykk tilbake og slappe av er det heilt i orden. Eg er ofte på jobb på dagtid, og er gjerne litt til og frå i samband med fritidsaktivitetar. Når eg er heime synes eg det er hyggeleg med ein prat, og eg anbefalar gjerne stader å besøke og ting å gjere i nærleiken.
Husholdninga er hovudsakeleg vegetarisk pluss fisk, sjølv om vi nokre gongar serverer kjøtt. Vi har piano, gitarer og andre instrument, og mange bøker. Gjestene kan bruke det meste av heimen, t.d. kjøkken og stover. Det er wifi i heile huset. TVen har Chromecast dersom ein vil streame, men ingen kanalar.
Frukost er inkludert i alle opphald hjå oss, og vi kan som oftast by på middag til kr 150 per person. For å finna restaurantar må ein til Voss eller Dale. Vil du lage eigen middag er du velkommen til å bruke familien sitt kjøkken.
Det går som oftast fint å booke på kort varsel, men det er sjølvsagt lurt å bestille tidleg. Send gjerne melding om når de ventar å vera her, så vi kan planleggja dagen vår!
Vi har ofte «workawayere» her, unge voluntører frå ulike land, eller ein aupair. Dermed er det ofte nokon i huset på dagtid - og mange rundt middagsbordet.
Oversikt over nabolaget
Evanger er ei lita bygd som ligg ein time med bil/tog frå Bergen og 15-20 minutt frå Voss. Bygda er stille og rolig, men togstasjon og bussholdeplassar ligg berre noen få minutters gange fra huset. Det er gratis parkering i gata utanfor eller på parkeringsplassen bak huset. Evanger er eit utmerkt utgangspunkt for fotturar, rafting, klatring, fjellvandring og skigåing, fjordar, kajakkpadling, båtturar og fiske.
På Voss er det mykje aktivitet, sommar som vinter, og det er ein flott stad for å oppleva fotturar, ski, ekstremsport og musikk. Det vert årleg arrangert jazzfestival palmehelga, ekstremsportsfestival i juni, og folkemusikkfestival i slutten av oktober, i tillegg til idrettsarrangementer og konserter gjennom hele året. Bergen ligg innanfor rekkevidde for dagsturar, med bil eller kollektivt.
Kome seg rundt
Herifrå kan du besøke Gudvangen, Flåm, Voss, Bergen og andre stader i nærleiken med bil, tog og buss, eller ta ei rundreise med Noreg i eit Nøtteskal. Det tek nokre få minutt å gå frå huset til togstasjonen og bussholdeplassane, og det er ganske gode forbindelsar til Voss, Bergen og Oslo. Skal du til eller frå Flesland flyplass er det praktisk og effekivt å reise kollektivt ved å kombinere tog og bybane – Bybanen har stopp på utsida av togstasjonen i Bergen og køyrer rett til Flesland.
Om vinteren korresponderar morgon- og ettermiddagstoga med gratis skibuss til Myrkdalen skisenter. Skal du til Voss Resort Bavallen kan du gå rett frå toget til Voss Gondol som tek deg med til toppen av Hangursfjellet. Alle skikorta til Voss Resort inkluderer gondolbillett.
Etter å ha gått Trolltunga kan ein komme seg til Evanger med bil, men ikkje kollektivt. Å starte herifrå for å gå Trolltunga anbefalast ikkje, då ein må reise ekstremt tidleg om morgonen for å starte fjellturen tidleg nok.
Parking
Halvpensjon
Trådløst bredbånd Internett
IMG 2445
Parkering og fasiliteter
Parkering, Parkering på gaten, Felles hage, Felles lekeplass
Tjenester
Frokost inkludert, Klesvask er valgfritt
Regler
Godta kredittkort, Barn er hjertelig velkomne, Egnet for arrangementer, Husdyr ikke tillatt, Røyking ikke tillatt, Ikke egnet for eldre eller personer med begrenset mobilitet, Rullestol utilgjengelig
Underholdning
Kano kajakk
Funksjoner på stedet
innsjø, fjell, Elv, Landlig, Landsby
Godtar kredittkort
Barn velkomne
Kjæledyr ikke tilatt
Røyking ikke tillatt
Ikke egnet for eldre eller personer med begrenset mobilitet
Ikke tilrettelagt for rullestol
Ankomst: 05:00 PM
Avgang: 10:00 AM